Hugs passord

Når du skriv inn eit brukarnamn og eit passord for ein nettstad, vert du som regel spurd om du vil hugse påloggingsdetaljane. Du kan sjekke om denne innstillinga er slått på eller endre innstillingane dine i Innstillingar.

  1. Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og vel Innstillingar ▸ Personvern.

  2. Vilkåret Hugs passord vert slått på viss innstillingane dine er sette til å lagre passord. Slå det av for å stoppe Nett frå å hugse passord.