Styre passord
Du kan lagre alle passorda dine slik at du ikkje treng å taste dei på nytt kvar gong du vil logge inn på ein nettstad.
Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og vel Innstillingar ▸ Personvern ▸ Passord for å sjå dei lagra passorda dine.
Fjern lagra passord
Du kan fjerne eit lagra passord når som helst.
Trykk på menyknappen i øvre høgre hjørne av vindauget og vel Innstillingar ▸ Personvern ▸ Passord.
Klikk på søkjeknappen øvst til høgre og skriv inn adressa til nettstaden.
Klikk på elementet for å få fram detaljane.
Trykk Fjern passord for å fjerne det lagra passordet.
Du kan sjå dei lagra passorda ved å trykkje på knappen for nøkkel nedst til høgre for passordlista.
Du kan også slette alle lagra passord ved å bruke Tøm alt-knappen.
Oppdater eit passord
Viss du har endra eit passord som er lagra i Nett, må du oppdatere det.
Når du er ferdig med å endre passordet ditt:
Vitje den same nettsida som passordet vart lagra for og der passordet no er endra.
Den gamle lagra passordet ditt vert automatisk skrive inn i passordfeltet av Nett, så tøm passordfeltet.
Skriv inn det nye passordet ditt i passordfeltet.
Du vil verte spurd om du vil lagre passordet i Nett. Trykk Lagre for å avslutte. Dette vil oppdatere det gamle passordet ditt for nettsida.