Korleis kan eg gjenopprette ei fane?
Du kan gjenopprette sidene du lukka så lenge minst éin Nett framleis er open.
Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og vel Opne att lukka fane. Den siste fana du lukka vert opna att.
Gjenta steget så mange gongar du treng til du har fått tilbake fana du ønskjer. Faner vert gjenoppretta i motsett rekkjefølgje av korleis du lukka dei. Når du har fått tilbake alle dei lukka fanene, kan du ikkje få tilbake fleire faner.
Det er ikkje mogleg å gjenopprette ei lukka fane i privat nettlesing-modus.