Slett ein informasjonskapsel

Ein nettlesarkapsel er eit lite datastykke sendt frå ei nettside og lagra på datamaskina di medan du vitjar den nettsida. Når du vitjar den same nettsida seinare, kan data lagra i kapselen hentast av nettsida for å varsle nettsida om tidlegare aktivitet. Kapslar er ein vanleg metode brukt av tenarar for å vite om du er innlogga på ein konto på ei bestemt nettside eller ikkje.

Du kan sjekke om det vart lagt att ein informasjonskapsel og slette han, men ver merksam på at nettstader vanlegvis vil installere den same informasjonskapselen på nytt om du vitjar det nettstaden på nytt.

  1. Trykk på menyknappen i øvste høgre hjørne av vindauget og vel Innstillingar ▸ Personvern ▸ Slett personlege data.

  2. Vel dei informasjonskapslane du vil slette. Du kan berre krysse av for nokre få domene eller krysse av for Informasjonskapslar for å velje alle domene samtidig.

  3. Trykk Tøm data.

Viss du vil slette informasjonskapslane som ein nettstad har lagra, vil du truleg også slette andre data lagra av den nettstaden.