Bruk musegestar
Musgestar gjev eit raskt alternativ for å surfe på nettsider utan å flytte handa til tastaturet. Desse gestane vert utløyste ved å halde nede midtknappen på musa samtidig som du utfører ein av følgjande musebevegelsar. Om musa di ikkje har midtkontroll, kan du ikkje bruke musgestar.
Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og vel Innstillingar ▸ Generelt.
Under Nettsurfing, slå på Musgestar.
Følgjande gestar er for tida støtta:
Hald midtknappen nede, dra til venstre, og slepp midtknappen for å gå tilbake.
Hald midtre museknapp nede, dra til høgre og slepp midtre museknapp for å navigere framover.
Hald midtknappen nede, dra nedover og slepp midtknappen for å lage ei ny fane.
Hald midtknappen nede, dra nedover og så til høgre, og slepp midtknappen for å lukke den noverande fana.
Hald midtknappen nede, dra oppover og så nedover, og slepp midtknappen for å laste om den noverande fana.