Tilpassa CSS

Nett lèt deg setje opp eit tilpassa CSS for å endre utsjånaden på kvar nettlese du vitjar. Du vil kanskje gjere dette for å setje ein føretrekt fontstorleik eller fargeskjema.

  1. Trykk på menyknappen øvst i høgre hjørne av vindauget og vel Innstillingar ▸ Utsjånad.

  2. Under avsnittet Stil, slå på Bruk tilpassa stilark.

  3. Trykk på pennikonet.

  4. Standardteksteditoren din vil opnast. Legg til tilpassa CSS-en din og lagre fila.

Eit døme på eit tilpassa CSS:

body{
    /*Make everything upside-down*/
    -webkit-transform: rotate(180deg);
}

Ditt tilpassa CSS vil overstyre stilarket på sider du vitjar etter at du har slått det på.