Lastar ned filer
Filer du lastar ned frå internett, som vedlegg i e-post, vert automatisk lagra i Nedlastingar-mappa di. Du kan endre dette i Innstillingar.
Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og vel Innstillingar ▸ Generelt.
Trykk på Nedlastingsmappe for å velje ei anna mappe for nedlastingar. Dersom mappa du vil bruke ikkje står på lista, vel Anna… for å bla etter ho.
Viss du vil velje kva mappe som skal brukast kvar gong du lastar ned ei fil, slår du på Spør om nedlasting.
Viss du lagrar ei fil i staden for å laste ho ned, må du framleis oppgi kor du vil lagre ho.
Det er ikkje mogleg å velje kvar nedlastingar skal lagrast dersom du brukar Flatpak til å køyre Nett. Nedlastingar vil alltid verte lagra i Nedlastingar-mappa di.