Surf på nettet

Nettlesarar kan brukast til å sjå på sider på Internett når du har Internett-tilkopling. For å byrje å surfe på nettet:

  1. Når du startar Nett, skal markøren vere i tekstfeltet øvst i vindauget. Skriv inn URL-en til nettsida du vil vitje eller søkjeordet ditt.

  2. Trykk retur for å gå til nettsida eller for å søkje.

Faner vert brukt til å sjå fleire nettsider i eitt vindauge. Når du fyrst startar Nett, vert ingen faner viste. For å opne ein ny fane, trykkjer du på knappen for ny fane øvst til venstre på skjermen. Når den nye fana er open, kan du bruke han slik du vanlegvis ville brukt eit nytt vindauge.

Du kan også bruke tastatursnarvegen Ctrl+T for å opne ei ny fane, eller den nye faneknappen øvst til venstre i vindauget.

For å opne ei lenkje i ei ny fane, høgreklikk på lenkja, og vel Opne lenkje i ny arkfane eller bruk midtknappen på musa til å klikke på lenkja.