Opprett ein Web-app
Du kan lagre nettsider som ein Web-app. Dette vil leggje til ei lenke til sida i aktivitetsoversikta. Når du opnar ein Web App, vert han vist i eit spesielt vindauge utan adressefelt eller menyar.
Opne nettsida du vil lagre.
Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og vel Installer som Web-app ….
Gje namn til Web-appen din, og trykk så på Opprett.
Du kan no starte Web-appen frå Aktivitetar-oversynet. For å søkje etter appen din, byrjar du å skrive namnet og det vert vist saman med dei andre søkjeresultata.