Tilgjenge
Systemet inkluderer hjelpemiddel for å støtte brukarar med ulike funksjonsnedsetjingar og særbehov, og for å samhandle med vanlege hjelpemiddel. Ein tilgjengelegheitsmeny kan leggjast til øvst i verktøylinja, noko som gjev lettare tilgang til mange av tilgjengelegheitsfunksjonane.
Synshemming
Blindskap
- Les opp skjerm — Bruk skjermlesaren Orca for å lese opp brukargrensesnittet.
- Les skjerm i punktskrift — Bruk skjermlesaren Orca med ein oppfriskbar punktskrift-skjerm.
Låg synsevne
- Endre tekststorleik på skjermen — Bruk større skrifttypar for å gjere tekst lettare å lese.
- Forstørr eit skjermområde — Forstørr skjermen slik at det er lettare å sjå ting.
- Juster kontrasten — Gjer vindauge og knappar på skjermen meir (eller mindre) levande, slik at dei er lettare å sjå.
- Lat tastaturmarkøren blinke — Få innsetjingspunktet til å blinke og styr kor fort det blinkar.
Hørselsutfordringar
- Lyser opp skjermen for varsellyd — Slå på visuelle varsel for å få skjermen eller vindauget til å blinke når eit varsellyd vert spelt.
Mobilitetsutfordringar
Musrørsle
- Juster farten på musa og peikeplata — Endre kor fort peikaren flyttar seg når du brukar musa eller peikeplata.
- Klikk og flytt musepeikaren med tastaturet — Slå på museknappar for å styre musa med det numeriske tastaturet.
Klikk og dra
- Juster dobbeltklikkfarten — Styr kor raskt du må trykkje på museknappen ein gong til for å dobbeltklikkje.
- Simuler eit høgre museklikk — Hald inne venstre museknapp for høgreklikk.
- Simuler klikk ved å føre over — Funksjonen Sveveklikk (Dwell-klikk) lèt deg klikke ved å halde musa i ro.
Tastaturbruk
- Bruk eit tastatur på skjermen — Bruk eit tastatur på skjermen til å skrive inn tekst ved å klikke på knappar med musa eller ein berøringsskjerm.
- Slå på hefta tastar — Skriv tastatursnarvegar éin tast om gongen i staden for å måtte halde alle tastane nede samtidig.
- Slå på sprettande tastar — Ignorer raskt gjentekne tastetrykk på same tast.
- Slå på trege tastar — Lat det gå ei forseinking frå ein tast vert trykt til bokstaven kjem opp på skjermen.
- Styr gjentekne tastetrykk — Sørg for at tastaturet ikkje gjentek bokstavar når du held nede ein tast, eller endre forseinkinga og farten på gjentakande tastar.
- Tastaturnavigasjon — Bruk app og skrivebordet utan ei mus.