Slå på sprettande tastar
Slå på sprettande tastar for å ignorere tastetrykk som vert gjentekne raskt. Til dømes, viss du har skjelvingar på hendene som gjer at du trykkjer på ein tast fleire gongar når du berre vil trykkje éin gong, bør du slå på sprettande tastar.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Tilgjenge.
Klikk Tilgjenge for å opne vindauget.
Vel Skriving-delen for å opne han.
I Skrivehjelp-delen, slå Sprettande tastar-brytaren på.
Slå raskt på og av sprettande tastar
Du kan slå på og av sprettande tastar ved å klikke på tilgjenge-ikonet i topplinja og velje Sprettande tastar. Tilgjenge-ikonet er synleg når ein eller fleire innstillingar er aktivert frå Tilgjenge-panelet.
Bruk glidebrytaren Godkjenningsforsinking for å endre kor lenge tastetrykk ventar før det registrerer eit nytt tastetrykk etter at du har trykt på tasten for første gong. Vel Pip når ein tast vert avvist om du vil at datamaskina skal gje eit lydsignal kvar gong eit tastetrykk vert ignorert fordi det kom for raskt etter det førre tastetrykket.