Simuler klikk ved å føre over
Du kan klikke eller dra berre ved å føre musepeikaren over ein kontroll eller eit objekt på skjermen. Dette er nyttig viss du synest det er vanskeleg å flytte musa og klikke samtidig. Denne funksjonen heiter Sveveklikk eller Dwell Click.
Når Sveveklikk er slått på, kan du føre musepeikaren over ein kontroll, sleppe museknappen og vente ei stund før knappen vert klikka for deg.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Tilgjenge.
Klikk Tilgjenge for å opne vindauget.
Vel Peiking og klikk-delen for å opne han.
I Klikkhjelp-delen, slå på Sveveklikk-brytaren.
Vindauget Sveveklikk opnar seg og vert liggjande over alle andre vindauge. Du kan bruke dette til å velje kva slags klikk som skal skje når du held musepeikaren over. Om du til dømes vel Sekundærklikk, vil du høgreklikke når du held musepeikaren over. Etter at du har dobbeltklikke, høgreklikke eller dra, vert du automatisk ført tilbake til klikking.
Når du held musepeikaren over ein knapp og ikkje flyttar han, vil han gradvis skifte farge. Når han har skifta farge heilt, vert knappen klikka.
Juster Forsinking-innstillinga for å endre kor lenge du må halde musepeikaren i ro før du klikkar.
Du treng ikkje halde musepeikaren heilt stille når du fører han over for å klikke. Peikaren kan flytte seg litt og vil framleis klikke etter ei stund. Men om han flyttar seg for mykje, vil ikkje klikket skje.
Juster innstillinga Rørsleterskel for å endre kor mykje peikaren kan flytte seg og framleis verte rekna som svevande.