Styr gjentekne tastetrykk

Som standard vert bokstaven eller symbolet gjenteke så lenge du held tasten nede. Om det er vanskeleg å flytte fingeren raskt nok, kan du slå av denne funksjonen, eller endre kor lenge det tek før tastetrykk byrjar å gjentakast, eller kor raskt tastetrykk gjentakast.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Tilgjenge.

  2. Klikk på Tilgjenge for å opne panelet.

  3. Vel Skriving-delen for å opne han.

  4. I Skrivehjelp-delen, slå av brytaren Repeterande tastar.

    Alternativt kan du justere Forsinking-glidebrytaren for å styre kor lenge du må halde nede ein tast før det byrjar å gjenta seg, og justere Fart-glidebrytaren for å styre kor raskt tastetrykka gjentek seg.