Juster farten på musa og peikeplata
Viss peikaren flyttar seg for fort eller sakte når du flyttar på musa eller brukar peikeplata, kan du justere peikefarten for desse einingane.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Mus og peikeplate.
Klikk på Mus og peikeplate for å opne vindauget.
Juster Peikarfart-glidebrytaren til markørrørsla er behageleg for deg. Av og til er dei mest behagelege innstillingane for ein type eining ikkje dei beste for den andre.
Peikeplate-delen vert berre synleg dersom systemet ditt har ei peikeplate, medan Mus-delen berre er synleg når ei mus er kopla til.