Juster kontrasten
Du kan justere kontrasten på vindauge og knappar slik at dei vert lettare å sjå. Dette er ikkje det same som å endre lysstyrken på heile skjermen; berre delar av brukargrensesnittet vil endre seg.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Tilgjenge.
Klikk på Tilgjenge for å opne panelet.
Vel Syn-delen for å opne han.
Slå på brytaren Høg kontrast.
Slå raskt høg kontrast av og på
Du kan slå høg kontrast av og på ved å klikke på tilgjenge-ikonet i den øvste linja og velje Høg kontrast.