Forstørr eit skjermområde

Å forstørre skjermen er annleis enn berre å auke tekststorleiken. Denne funksjonen er som å ha eit forstørringsglas, slik at du kan flytte deg rundt ved å zoome inn på delar av skjermen.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Tilgjenge.

  2. Klikk på Tilgjenge for å opne panelet.

  3. Vel Forstørring-seksjonen for å opne han.

  4. Slå på Skrivebordsforstørring-brytaren.

Du kan no flytte deg rundt på skjermområdet. Ved å flytte musa til kantane på skjermen, flyttar du forstørra område i ulike retningar, slik at du kan sjå området du ønskjer.

Du kan raskt slå zoom på og av ved å klikke på tilgjengeikonet øvst på linja og velje Forstørring.

Du kan endre forstørringsfaktoren, museoppfølginga og plasseringa av forstørra vising på skjermen. Juster dette i Forstørringsglas-delen.

Du kan slå på krosshår for å hjelpe deg å finne muse- eller peikeplata. Slå dei på og juster lengd, farge og tjukne i Trådkors-vindauget.

Du kan byte til video med inverterte fargar, og justere lysstyrke, kontrast og fargeval for forstørraren i Fargefilter-delen. Kombinasjonen av desse vala er nyttig for personar med svaksyn, fotofobi i alle alvorlegheitsgrader, eller berre for å bruke datamaskina under vanskelege lysforhold.