Slå på trege tastar

Slå på trege tastar om du vil ha ei forseinking mellom tastetrykk og at bokstaven vert vist på skjermen. Dette tyder at du må halde inne kvar tast du vil skrive i eit lite augeblink før han kjem opp. Bruk trege tastar om du ved eit uhell trykkjer fleire tastar samtidig når du skriv, eller om du synest det er vanskeleg å trykkje rett tast på tastaturet første gongen.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Tilgjenge.

  2. Klikk på Tilgjenge for å opne panelet.

  3. Vel Skriving-delen for å opne han.

  4. I Skrivehjelp-delen, slå på Trege tastar-brytaren.

Slå raskt på og av trege tastar

Slå på/av brytaren Slå på med tastatur for å slå på og av trege tastar frå tastaturet. Når dette alternativet er valt, kan du halde inne Shift i åtte sekund for å slå på eller av trege tastar.

Du kan også slå på og av trege tastar ved å klikke på tilgjenge-ikonet i topplinja og velje Trege tastar. Tilgjenge-ikonet er synleg når ein eller fleire innstillingar er slått på frå Tilgjenge.

Bruk Godkjenningsforsinking-glidebrytaren for å styre kor lenge du må halde nede ein tast for at han skal registrerast. Sjå Slå på sprettande tastar for meir info.

Du kan få datamaskina til å gje eit lydsignal når du trykkjer på ein tast, når eit tastetrykk vert godteke, eller når eit tastetrykk vert avvist fordi du ikkje heldt tasten nede lenge nok.