Logg ut, slå av eller byt brukarar
Når du er ferdig med å bruke datamaskina di, kan du slå ho av, setje ho i dvale (for å spare straum), eller la ho stå på og logge ut.
Logg ut eller byt brukarar

For at andre brukarar skal kunne bruke datamaskina di, kan du anten logge ut, eller la deg sjølv vere innlogga og berre byte brukar. Om du byter brukar, vil alle appane dine halde fram med å køyre, og alt vil vere der du lét det vere når du loggar inn att.
For å Logg ut eller Byt brukar, klikk på systemmenyen til høgre i topplinja, klikk på -knappen og vel rett alternativ.
Oppføringa Byt brukar vert berre vist i menyen dersom du har meir enn éin brukarkonto på systemet ditt.
Lås skjermen
Om du forlèt datamaskina di for ei kort tid, bør du låse skjermen for å hindre at andre får tilgang til filene dine eller køyrer appar. Når du kjem tilbake, ser du låseskjermen. Skriv inn passordet ditt for å logge inn att. Om du ikkje låser skjermen, vert han låst automatisk etter ei viss tid.
For å låse skjermen, klikkar du på systemmenyen til høgre i topplinja og klikkar på -knappen.
Når skjermen din er låst, kan andre brukarar logge inn på sine eigne kontoar ved å klikke Logg inn som ein annan brukar nedst til høgre på innloggingsskjermen. Du kan byte tilbake til skrivebordet ditt når dei er ferdige.
Kvilemodus
For å spare straum, set du datamaskina i dvale når du ikkje brukar ho. Brukar du berbar datamaskin, vil systemet som standard setje datamaskina i dvale automatisk når du lukkar loket. Dette lagrar tilstanden din i minnet til datamaskina og slår av dei fleste funksjonar. Ein svært liten mengd straum vert framleis brukt under dvale.
For å setje datamaskina i dvale manuelt, klikkar du på systemmenyen til høgre i topplinja, klikkar på -knappen og vel Kvilemodus.
Slå av eller start på nytt
Viss du vil slå av datamaskina heilt, eller gjere ein full omstart, klikkar du på systemmenyen på høgresida av topplinja, klikkar på -knappen, og vel anten Start på nytt … eller Slå av ….
Om det er andre brukarar som er logga inn, kan det hende at du ikkje får slå av eller starte datamaskina på nytt, sidan dette vil avslutte øktene deira. Dersom du er administrativ brukar, kan du verte bedt om passordet ditt for å slå av.
Du vil kanskje slå av datamaskina om du ønskjer å flytte ho og ikkje har batteri, om batteriet er lågt eller ikkje held på ladinga. Ei avslått datamaskin brukar òg mindre energi enn ei som er i dvale.