Finn tilgjengelegheitsmenyen

Tilgjengelegheitsmenyen er der du kan slå på nokre av tilgjengelegheitsinnstillingane. Du finn denne menyen ved å klikke på ikonet som ser ut som ein person på topplinja.

Tilgjengelegheitsmenyen finn du i øvre linje.

Viss du ikkje ser tilgjengelegheitsmenyen, kan du slå han på frå Tilgjenge-innstillingane:

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Tilgjenge.

  2. Klikk på Tilgjenge for å opne panelet.

  3. Slå på Tilgjengelegheitsmenyen-brytaren.

For å opne denne menyen med tastaturet i staden for musa, trykkjer du Ctrl+Alt+Tab for å flytte tastaturfokuset til topplinja. Aktivitetar-knappen øvst til venstre vert utheva — dette viser kva element i topplinja som er valt. Bruk piltastane på tastaturet for å flytte det valde elementet til ikonet for tilgjengelegheit, og trykk Enter for å opne det. Du kan bruke opp- og nedpiltastane for å velje element i menyen. Trykk Enter for å veksle på det valde elementet.