Juster dobbeltklikkfarten

Dobbeltklikk skjer berre når du trykkjer museknappen to gongar raskt nok. Om det andre trykket kjem for seint etter det første, får du berre to separate klikk, ikkje eit dobbeltklikk. Om du har problem med å trykkje museknappen raskt, bør du auke tidsavbrotet.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Tilgjenge.

  2. Klikk Tilgjenge for å opne vindauget.

  3. Vel Peiking og klikk-delen for å opne han.

  4. Juster Dobbeltklikk-forsinking-glidebrytaren til ein verdi du finn behageleg.

Dersom musa di dobbeltklikkar når du vil at ho skal klikke éin gong, sjølv om du har auka tidsrommet for dobbeltklikk, kan det hende at musa di er defekt. Prøv å kople ei anna mus til datamaskina di og sjå om det fungerer som det skal. Eller kople musa di til ei anna datamaskin og sjå om det framleis er same problem.

Denne innstillinga vil påverke både musa og peikeplata, samt alle andre peikeeiningar.