Bruk eit tastatur på skjermen
Om du ikkje har eit tastatur kopla til datamaskina di eller ikkje vil bruke det, kan du slå på skjermtastatur for å skrive tekst.
Skjermtastaturet vert automatisk slått på viss du brukar ein berøringsskjerm
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Tilgjenge.
Klikk på Tilgjenge for å opne panelet.
Vel Skriving-delen for å opne han.
Slå på Skjermtastatur-brytaren.
Neste gong du skal skrive, vert tastaturet på skjermen opna nedst på skjermen.
Trykk på knappen ?123 for å skrive inn tal og symbol. Fleire symbol er tilgjengelege om du trykkjer på =/< knappen. For å gå attende til bokstavtastaturet, trykkjer du på ABC knappen.
Du kan trykkje på knappen for å skjule tastaturet mellombels. Tastaturet vert automatisk vist att når du neste gong trykkjer på noko der du kan bruke det. På ein berøringsskjerm kan du også dra tastaturet opp ved å dra opp frå nedre kant.
Trykk på -knappen for å endre innstillingane for språk eller tastaturkjelder.