Simuler eit høgre museklikk
Du kan høgreklikke ved å halde nede venstre museknapp. Dette er nyttig om du synest det er vanskeleg å flytte kvar finger for seg på ei hand, eller om peikeeininga di berre har éin knapp.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Tilgjenge.
Klikk Tilgjenge for å opne vindauget.
Vel Peiking og klikk-delen for å opne han.
I Klikkhjelp-delen, slå Simulert sekundærklikk-brytaren på.
Du kan endre kor lenge du må halde inne venstre museknapp før det vert registrert som eit høgreklikk ved å endre Godkjenningsforsinking.
For å høgreklikke med simulert sekundærklikk, hald nede venstre museknapp der du normalt ville høgreklikke, og slepp deretter. Pekaren vert fylt med ein annan farge medan du held nede venstre museknapp. Når fargen vert heilt endra, slepp du museknappen for å høgreklikke.
Nokre spesielle peikarar, slik som storleiksjusteringspeikarane, endrar ikkje farge. Du kan framleis bruke simulert sekundærklikk som vanleg, sjølv om du ikkje får visuell tilbakemelding frå peikaren.
Viss du brukar Mus-tastatur, kan du òg høgreklikke ved å halde inne 5-tasten på tastaturet.
I Aktivitetar-oversynet kan du alltid halde inne for å høgreklikke, sjølv med denne funksjonen slått av. Å halde inne fungerer litt annleis i oversynet: du treng ikkje sleppe knappen for å høgreklikke.