Eg kan ikkje skrive ut eit dokument
Moglege årsaker til at utskrift feila
Eit dokument vert kanskje ikkje skrive ut på grunn av:
Skrivarproblem eller,
PDF-utskriftsavgrensingar.
Skrivarproblem
Det kan vera mange grunnar til at skrivaren din ikkje fungerer. Til dømes kan han vera tom for papir eller blekk, eller fråkopla eller skada.
For å sjekke om skrivaren din skriv ut riktig:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Innstillingar.
Klikk på Innstillingar.
Trykk Skrivarar i sidefeltet.
Trykk på
-knappen ved sidan av skrivaren.
Vel Utskriftsinnstillingar.
-
Klikk på Test Page. Ei side skal verte sendt til skrivaren din.
Viss dette mislykkast, sjå utskriftshjelp. Du må kanskje også sjå bruksanvisninga til skrivaren din for å sjå kva anna du kan gjere.
PDF-utskriftavgrensingar
Somme PDF-dokument har ei innstilling som hindrar deg i å skrive dei ut. Forfattarar kan setje denne utskriftsavgrensinga når dei skriv eit dokument. Dokumentvisar overstyrer denne avgrensinga som standard, men du vil kanskje sjekke at ho ikkje er slått av:
Du må ha dconf Editor installert på datamaskina di for å endre denne innstillinga.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive dconf Editor.
Klikk på dconf-redigering.
Gå til /org/gnome/papers.
Sjå til at override-restrictions-valet er merkt.
Gå tilbake til Dokumentvisar og prøv å skrive ut dokumentet på nytt.