Flytte seg i eit dokument

Du kan flytte deg rundt kvar side i eit dokument med ein av følgjande metodar:

  • Rulle opp og ned med musehjulet. Å flytte seg rundt på ei side berre ved å flytte på musa:

    1. Høgreklikk på sida og vel Autoscroll.

    2. Flytt musepeikaren mot botnen av vindauget for å rulle ned; det rullar raskare alt etter kor langt ned i vindauget du går.

    3. For å stoppe automatisk rulling, klikk kvar som helst i dokumentet.

  • Brukar rullefeltet i dokumentvindauget.

  • Bruk opp- og ned-pila på tastaturet ditt.

  • Dreg sida rundt med musa, som om du tek tak i ho. Slik gjer du det:

    • Flytt musepeikaren over sida og hald nede midtknappen på musa for å dra sida rundt.

    • Viss du ikkje har ein midtre museknapp, held du nede venstre og høgre museknapp samtidig, og dreg deretter.

Veksle mellom sider

Du kan flytte mellom sider i eit dokument ved å bruke ein av følgjande metodar:

  • Trykk på Ctrl+Page Up eller Ctrl+Page Down tastane på tastaturet.

  • For å gå til ei bestemt side:

    • Skriv eit sidetal i Vel sidetopplinja og trykk Enter.

    • Om du vil til byrjinga eller slutten av dokumentet:

      • Trykk Ctrl+Home på tastaturet ditt.

      • Trykk Ctrl+End på tastaturet.

  • For å flytte ti sider om gongen, trykk Shift+Page Up eller Shift+Page Down.

    Som standard kan du berre flytte deg rundt éi side om gongen. Viss du vil flytte deg mellom sider berre ved å rulle eller dra, trykkjer du på menyknappen i øvre høgre hjørne av vindauget og vel Samanhengande.

Zoom inn og ut

For å justere skaleringsnivået:

  • Vel ønsket zoomprosent frå rullegardinmenyen øvst til høgre.

  • Eller bruk tastatursnarvegane Ctrl++ for å forstørre, eller Ctrl+- for å forminske.

  • Eller hald ned Ctrl og bruk musehjulet til å zoome.

Alternativet Tilpass side gjer at ei dokumentside passar heile høgda til vindauget.

Valet Tilpass breidd gjer at ei dokumentside fyller heile breidda til vindauget.

Viss du vil sjå to sider samtidig, side ved side, som i ei bok, trykkjer du på menyknappen i øvre høgre hjørne av vindauget og vel Dobbel.

Viss innstillinga for «tillat-lenkjer-endra-skalering» er sett til false, vert lenkjer blokkerte frå å endre skaleringa di.

Du kan bruke heile skjermen til å sjå dokumentet:

  • Trykk F11.

  • For å gå ut av fullskjermmodus:

    Trykk F11 eller Escape