Lagrar eit skjema
Etter at du har fylt det ut, kan du ynskje å lagre skjemaet ditt på ein av to måtar:
-
For å lagre ein kopi som kan redigerast i framtida (skjemaet forblir interaktivt):
Klikk på Filalternativ-menyen øvst til høgre og vel Lagra som … eller trykk Ctrl+S på tastaturet ditt.
Vel eit namn og ei mappe der du vil lagre fila, og klikk deretter på Lagre. PDF-fila vert lagra i mappa du valde.
-
For å lagre ein kopi som ikkje lenger kan redigerast (til dømes for å sende skjemaet på e-post eller sende det inn på nett):
Klikk på menyen Filalternativ øvst til høgre og vel Skriv ut eller trykk Ctrl+P på tastaturet ditt.
Vel Skriv ut til fil og vel PDF som Utdataformat.
Vel eit namn og ei mappe der du vil lagre fila, og klikk deretter Skriv ut. PDF-fila vert lagra i mappa du valde.
Kopiar av krypterte filer kan ikkje lagrast eller skrivast ut.