Legg til merknadar
Ei annotering er ei merknad eller kommentar som er lagt til i eit PDF-dokument. Du kan leggje til annoteringar ved å bruke Dokumentvisar.
Når du opnar ei fil, skal du ha eit sidevindauge på venstre side av vindauget. Dersom du ikkje har eit synleg sidevindauge, klikk på Sidevindauge-knappen øvst til venstre, eller trykk F9-tasten på tastaturet.
Nedst i sidepanelet kan du velje kva som skal visast i sidepanelet med knappane Miniatyrbilete, Oversikt, Merknadar og Bokmerke. (Enkelte val kan mangle for enkelte dokument).
For å lage ein annotering:
-
Vel Annoter dokumentet-knappen frå toppmenyen:

Du bør no sjå Noter tekst og Marker tekst knappar under topplinja.
Klikk på den fyrste knappen for å leggje til ein tekstkommentar.
Klikk på staden i dokumentvindauget du vil leggje til annoteringa på. Annoteringsvindauget ditt vert opna.
-
Skriv inn teksten din i kommentarvindauget.
Du kan endre storleiken på notatet ved å klikke og halde nede venstre museknapp i eit av dei nedre hjørna på notatet, og flytte det rundt.
Lukk notatet ved å klikke på x øvst i hjørnet av notatet.