Kvifor vart ikkje teksten eg valde kopiert skikkeleg?
Viss du markerer og kopierer tekst frå eit dokument med Dokumentvisar og limer den inn i ein annan app, kan formateringa verte endra. Den kan også innehalde andre teikn enn den opphavlege markeringa. Dette skjer ofte når du kopierer tekst frå eit PDF-dokument med fleire kolonnar.
Dette problemet oppstår på grunn av korleis enkelte dokumentformat handsamar tekst. Sjølve teksten i dokumentet vert lagra annleis enn slik han vert vist. Dette kan føre til at ein kopi ikkje ser ut slik ein forventar.
Dessverre finst det ingen reell måte å løyse dette problemet på. Å kopiere mindre tekst om gongen, eller å kopiere teksten inn i ein tekstredigering (som gedit), kan minimere problemet.