Finn tekst i eit dokument
Trykk på forstørringsglas-knappen eller trykk Ctrl+F eller / for å vise eit søkefelt.
Byrj å skrive i søkefeltet, så startar søket automatisk.
Bruk knappane ∧ og ∨ for å flytte til førre eller neste søkeresultat.
For å skjule søkjefeltet, klikk på Forstørringsglas-knappen på nytt eller trykk Esc.
For å filtrere ord etter store/små bokstavar eller fullføring, kan du høgreklikke i søkefeltet og velje Skil mellom store og små bokstavar eller Berre heile ord.
Viss ordet eller frasen du søkte etter ikkje vert funnen i dokumentet, vert
vist i søkefeltet. Men om det førekjem i dokumentet minst éin gong, vert det vist kor mange gonger søkeresultatet førekjem på den aktuelle sida.
Berre PDF-dokument kan søkjast i. Enkelte PDF-dokument kan ikkje søkjast i fordi teksten deira er koda som eit bilete i dokumentet.