Opne eit dokument
Du kan opne eit dokument ved å bruke ein av følgjande måtar:
-
Dobbeltklikk på fila i Filer eller filbehandlaren din.
Dobbeltklikk på PDF-, .djvu- og Comic Book Archive-filer opnar dei i Dokumentvisar som standard.
Høgreklikk på eit filikon i Filer og klikk Opne med ▸ Dokumentframsynar.
Viss eit tomt Dokumentvisar-vindauge allereie er ope kan du:
Dra ei fil inn i vindauget frå Filer. Den nye fila vil opnast i det same vindauget.
Trykk på Opna …-knappen øvst til venstre i vindauget. I Opna dokument-vindauget vel du fila du vil opne, og trykkjer Opne. Fila vert oppretta i same vindauge.
Viss eit dokument allereie er opna i eit Dokumentvisar-vindauge kan du:
Dra ei fil inn i vindauget frå Filutforskar. Den nye fila vil opnast i eit nytt vindauge.
Trykk Ctrl+O. I vindauget Opna dokument, vel fila du ønskjer å opne, og klikk Opne. Fila vert opna i eit nytt vindauge.