Rapporter ein feil mot Dokumentvisar
Dokumentvisar vert vedlikehalden av eit frivillig fellesskap. Du er velkomen til å delta. Om du oppdagar eit problem kan du sende ei feilmelding. For å sende ei feilmelding, gå til https://gitlab.gnome.org/GNOME/papers/issues/.
Dette er eit feilsporingssystem der brukarar og utviklarar kan sende inn detaljar om feil, krasj og be om forbetringar.
For å delta treng du ein konto som gjev deg tilgang til å melde feil og leggje inn kommentarar. Du må òg registrere deg for å få oppdateringar på e-post om statusen for feilmeldinga di. Dersom du ikkje har ein konto frå før, klikk på Logg inn / Registrer deg-lenkja for å opprette ein.
Når du har ein konto, logg inn og klikk på Ny sak. Før du rapporterer ein feil, les retningslinjer for feilrapportering, og søk etter feilen for å sjå om han allereie finst.
Viss du ber om ein ny funksjon, vel 1. Funksjon i Etikettar-menyen. Fyll ut felta Tittel og Skildring og klikk Send inn sak.
Rapporten din får eit ID-nummer, og statusen vert oppdatert etter kvart som han vert handsama.