Skaler sida for utskrift
Viss du vil endre papirstorleiken på dokumentet ditt (til dømes skrive ut ein PDF i US Letter-storleik på A4-papir), kan du endre utskriftsformatet for dokumentet.
Opne menyen øvst til høgre i vindauget, og vel deretter Skriv ut ….
Vel Sidehandtering-fana.
-
Vel eit Sideoppsett frå rullegardinlista.
Ingen: ikkje utfør skaleringsjustering av sida.
Skaler til utskriftsområde: dokument sider større enn utskriftsområdet vert reduserte for å passe til utskriftsområdet til skrivarsida.
Tilpass til utskriftsområdet: dokumentsider vert forstørra eller forminska etter behov for å passe til skrivaren sitt utskriftsområde.
Klikk Skriv ut for å skrive ut dokumentet ditt.