3-siders eller 4-siders hefte

Viss du har eit PDF-dokument på 3 sider, bør du leggje til ei blank side slik at det vert 4 sider. For å gjere det, kan du:

  1. Opprett ei blank PDF ved hjelp av LibreOffice Writer.

  2. Slå saman den tomme sida med PDF-dokumentet ditt ved å bruke PDF-Shuffler og legg den tomme sida til slutt.

For å skrive ut:

  1. Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og trykk på Skriv ut-knappen.

  2. Vel Ålment-fana.

    Under Omfang, vel Sider.

    Skriv inn sidetala i denne rekkjefølgja: 4, 1, 2, 3

  3. Vel Oppsett side-fanen.

    Under Layout, i Tosidig-menyen, vel Einsidig.

    I Sider per side-menyen, vel 2.

    I Siderekkefølgje-menyen vel du Venstre til høgre.

    I Berre skriv ut-menyen, vel Oddetalsark.

  4. Klikk Skriv ut.

  5. Når alle sidene er skrivne ut, snur du sidene og legg dei tilbake i skrivaren.

  6. Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og trykk på Skriv ut-knappen.

  7. Vel Oppsett side-fanen.

    I Berre skriv ut-menyen vel du Partalssider.

  8. Klikk Skriv ut.