Prosjekt

Ei prosjektfil i Graphs lagrar heile tilstanden til arbeidet ditt, slik at du kan lukke det og halde fram nøyaktig der du slapp. Alle handlingar for prosjekt finst i appmenyen.

Kva som vert lagra

Ei prosjektfil tek vare på alt i den gjeldande økta: alle elementa med data og innstillingar for utsjånad, alle figurinnstillingane, mellom anna etikettar, akseskalaer og grenser, oppsettet av teiknforklaringa og den aktive stilen. Heile historikken for angring og omgjering vert òg lagra, så du kan halde fram med å angre endringar etter at du har opna prosjektet på nytt. Historikken for visinga vert òg lagra.

Lagre eit prosjekt

For å lagre det gjeldande prosjektet vel du Lagre prosjekt … i appmenyen. Er prosjektet lagra før, skriv Lagre prosjekt … over den eksisterande fila. For å lagre ein kopi med eit anna namn eller på ein annan stad brukar du Lagre prosjekt som ….

Opne eit prosjekt

For å opne eit prosjekt du har lagra før, vel du Opne prosjekt … i appmenyen og vel prosjektfila. Prosjektet vert opna i det gjeldande vindauget og erstattar det som var der før. For å arbeide med to prosjekt samtidig opnar du først eit nytt vindauge med Nytt prosjekt og opnar så det andre prosjektet der.

Ei prosjektfil kan òg importerast som data i eit eksisterande prosjekt med Legg til data frå fil …, der du vel prosjektfila. Då vert elementa frå det lagra prosjektet lagde til i det gjeldande utan at noko vert erstatta.

Lukke eit prosjekt

For å lukke det gjeldande prosjektet og gå tilbake til eit tomt prosjekt vel du Lukk prosjektet i appmenyen.

Versjonskompatibilitet

Prosjektfiler lagra med eldre versjonar av Graphs vert automatisk migrerte når dei vert opna. Prosjekt lagra med ein nyare, ikkje-kompatibel versjon av Graphs kan ikkje opnast i ein eldre versjon.