Leggje til data
Det finst tre ulike typar dataelement i Graphs:
Datasett : Data importert frå ei fil eller database.
Generert datasett : Data genererte frå ei likning over eit fast sett med punkt.
Likning : Eit matematisk uttrykk som vert teikna kontinuerleg over heile lerretet.
Datasett
Eit datasett er data importerte frå ei ekstern kjelde. Graphs støttar kolonnebaserte filer (som .csv, .dat, .xy og rein tekst), rekneark (.ods og .xlsx), SQLite-databasefiler, Panalytical .xrdml-filer og Leybold .xry-filer. Data frå andre Graphs-prosjekt kan òg importerast ved å velje ei prosjektfil.
For å importere data trykkjer du på knappen Legg til øvst til venstre i sidepanelet og vel Legg til data frå fil …. Du kan leggje til fleire filer i same importen med leggje til-knappen øvst til venstre i importvindauget. Kvar fil vert vist i sidepanelet i vindauget, der du kan velje ho for å sjå over og justere innstillingane. Graphs prøver å gjette dei rette innstillingane for kvar fil automatisk. Når alt ser rett ut, trykkjer du Importer for å leggje alle filene til i prosjektet.
Importmodus avgjer korleis ei fil vert tolka, og vert sett automatisk ut frå filtypen. Modusane er skildra nedanfor.
Kolonnebaserte filer
Kolonnebaserte filer lagrar data som rader med verdiar skilde med eit skiljeteikn, som komma, tabulator eller mellomrom. Graphs finn skiljeteiknet automatisk i dei fleste tilfelle. Brukar du eit eige skiljeteikn, kjem det fram eit ekstra felt der du kan skrive inn skiljeteiknet du vil ha. Feltet forstår regulære uttrykk. Til dømes finn \s+ alle mengder mellomrom, også tabulatorar, og svarar til standardvalet Mellomrom.
Inneheld ei fil berre éin kolonne med Y-verdiar, kan du slå på valet Éin kolonne for å lage X-verdiar automatisk frå ei likning du kan endre, der n står for radnummeret, som startar på null. Til dømes gjev n 0, 1, 2, 3…, medan n*0.5 gjev 0, 0.5, 1.0, 1.5…
Rekneark
Graphs kan importere data frå reknearkfiler i formata .ods og .xlsx. X- og Y-kolonnane vert valde med kolonnebokstaven. Som for kolonnebaserte filer kan valet Éin kolonne brukast til å lage X-verdiar automatisk når det berre finst Y-data. Du kan setje opp fleire element frå same reknearket i éin import med knappen Legg til element, kvart med sitt eige kolonneval.
Databasar
SQLite-databasefiler er òg støtta. Når du importerer ei databasefil, vert tabellane viste i ei nedtrekksliste. Når ein tabell er vald, kan X- og Y-kolonnane veljast blant dei numeriske kolonnane i tabellen. Har tabellen ingen numeriske kolonnar, vert det vist ei åtvaring.
Feilstolpar
Datasett kan ha feilstolpar for X og Y. Ved import frå rekneark og databasar kan feilstolpar slåast på for kvar akse med den tilhøyrande brytaren, og då kjem det fram ein ekstra kolonneveljar der du vel kva kolonne som har feilverdiane. Filformat som sjølve inneheld data for feilstolpar, som .xrdml-filer, får dei importerte automatisk.
Etter importen vert feilstolpane tekne vare på gjennom dei fleste operasjonar. Når fleire datasett vert kombinerte, vert feilstolpane berre tekne med dersom alle dei valde elementa har feilstolpar.
Genererte datasett
Genererte datasett lagar data ved å rekne ut ei likning over eit område med X-verdiar. For å leggje til eit trykkjer du på knappen Legg til i sidepanelet og vel Generer data …. Desse parametrane kan setjast:
- Likning
Det matematiske uttrykket som skal reknast ut, med x som variabel.
- X-start og X-stopp
Den nedre og øvre grensa for x-området det skal genererast data for.
- Steg
Talet på datapunkt som skal genererast.
- Skala
Avgjer avstanden mellom datapunkta. Lineær avstand plasserer punkta med like store mellomrom. Andre val, som Logaritmisk, Kvadratrot og Invers, er nyttige når dataa, eller aksen dei skal plottast på, følgjer ein ikkje-lineær skala.
Genererte datasett vert handsama på same måte som importerte data i dei fleste samanhengar. Men i motsetnad til eit vanleg datasett kan parametrane som vart brukte til å generere dataa, endrast når som helst i elementredigeringa, og dataa vert då genererte på nytt.
Likning
Likningselement teiknar eit matematisk uttrykk direkte og samanhengande over heile lerretet. For å leggje til eit trykkjer du på knappen Legg til i sidepanelet og vel Legg til likning …, eller trykkjer Ctrl+Alt+N.
Uttrykket brukar x som variabel. Den vanlegaste matematiske syntaksen vert godteken. Til dømes kan eit enkelt andregradsuttrykk skrivast som x²+5, og uttrykk som sin(x)*x eller 1/(x+1) fungerer som venta. Trigonometriske funksjonar brukar radianar som standard. For å bruke grader legg du til ein d i funksjonsnamnet. cosd(x) brukar grader, medan cos(x) brukar radianar.
Ein viktig skilnad mellom likningselement og datasett er at operasjonar vert utførte analytisk og ikkje numerisk. Til dømes gjev den deriverte av x²+5 likninga 2·x og ikkje eit sett med numerisk utrekna stigningstal.