Stilar

Stilar styrer den samla utsjånaden til plotta, mellom anna fargar, skrifter, linjebreidder, merkestrekar og rutenett. Graphs har eit utval innebygde stilar du kan velje mellom, og du kan lage og redigere dine eigne for å få akkurat den utsjånaden du vil ha.

Bruke ein stil

Den aktive stilen vel du i panelet for figurinnstillingar, som du opnar i sidepanelet i det øvre hjørnet. Sjå Figurinnstillingarfor meir informasjon. I delen Utsjånad står namnet på den gjeldande stilen. Klikk på det for å opne stilveljaren, som viser alle tilgjengelege stilar som førehandsvisingar. Klikk på ein stil for å bruke han på figuren med ein gong. Når du byter stil, vert fargar, markørar og linjebreidder på elementa automatisk tilpassa fargesyklusen i den nye stilen. Eigenskapar du har endra på elementa tidlegare, vert likevel tekne vare på når du byter stil.

Lage og handtere stilar

For å handtere stilar trykkjer du på knappen Handter på stilveljarsida, eller opnar stilredigeringa frå appmenyen. Stilredigeringa viser alle tilgjengelege stilar som førehandsvisingar.

For å lage ein ny stil trykkjer du Opprett stil …, vel ein eksisterande stil som mal og gjev han eit namn. Den nye stilen vert opna i redigeringa med ein gong, klar til å tilpassast. Endringane vert viste i førehandsvisinga medan du redigerer.

Importere og eksportere stilar

Eigne stilar kan delast ved å lagre dei til og laste dei frå filer i stilredigeringa. For å lagre ein stil opnar du stilen og vel Lagre stil som … i hovudmenyen. Du kan importere nye stilar med Importer fil … i stilredigeringa, eller opne stilar for redigering med Opne fil ….

Endre ein stil

Når du endrar ein stil, kan følgjande val setjast:

Generelt

Stilnamn

Namnet på stilen slik det står i stilveljaren.

Skrifttype

Skrifta som vert brukt for all tekst i figuren, mellom anna aksetitlar, verdiane ved merkestrekane, tittelen og teiknforklaringa.

Tittelstorleik

Storleiken på tittelen i figuren i forhold til storleiken på grunnteksten.

Etikettstorleik

Storleiken på aksetitlane i forhold til storleiken på grunnteksten.

Linjer

Desse innstillingane avgjer standardutsjånaden for nye element. Dei kan overstyrast for kvart element i elementredigeringa.

Linjestil

Standard linjestil for nye element: Ingen, Heiltrukken, Prikka, Stipla eller Strek-punkt. Linjebreidda kan berre setjast når ein annan stil enn Ingen er vald.

Linjebreidd

Standard tjukn for linjer.

Markørar

Standard markørform som vert teikna ved kvart datapunkt. Mange former er tilgjengelege. Markørstorleiken kan berre setjast når ein annan markør enn Ingen er vald.

Markørstorleik

Standard storleik for markørar.

Feilstolpar

Standardinnstillingar for utsjånaden til feilstolpar på nye element. Dei kan overstyrast for kvart element i elementredigeringa.

Lengd på endestrek

Lengda på den vassrette endestreken på kvar feilstolpe.

Tjukn på endestrek

Tjukna på endestrekane.

Linjebreidd

Tjukna på linjene i feilstolpane.

Teikn over data

Når dette er slått på, vert feilstolpane teikna oppå datalinja og markørane i staden for under dei.

Aksar

Aksebreidd

Tjukna på akselinjene.

Teikn ramme

Når dette er slått på, vert det teikna ei heil rektangulær ramme rundt plottområdet. Når det er slått av, vert berre aksane som er i bruk, viste.

Merkestrekar

Retning på merkestrekar

Om merkestrekane peikar innover eller utover.

Små merkestrekar

Når dette er slått på, vert små merkestrekar viste mellom dei store. Breidda og lengda på dei små merkestrekane kan då setjast.

Breidd / lengd på store merkestrekar

Tjukna og lengda på dei store merkestrekane.

Breidd / lengd på små merkestrekar

Tjukna og lengda på dei små merkestrekane.

Vis verdiar ved merkestrekane på alle aksar

Når dette er slått på, vert verdiane ved merkestrekane viste på alle synlege aksar med merkestrekar, ikkje berre på aksane med data. For å vise verdiane på begge sider av kvar akse må Teikn ramme vere kryssa av, slik at aksane vert teikna.

Merkestrekar på nedre / øvre / venstre / høgre akse

Merkestrekane kan slåast av eller på for kvar akse for seg.

Rutenett

Vis rutenett

Slår bakgrunnsrutenettet av eller på.

Breidd på rutenett

Tjukna på rutenettlinjene. Kan berre setjast når rutenettet er slått på.

Dekkevne for rutenett

Gjennomsiktigheita til rutenettlinjene, frå 0 (usynleg) til 1 (heilt dekkjande).

Luft

Luft rundt verdiar

Avstanden mellom aksane og verdiane ved merkestrekane.

Luft rundt etikettar

Avstanden mellom aksane og aksetitlane.

Luft rundt tittelen

Avstanden mellom plottområdet og tittelen på figuren.

Fargar

Desse fargane i figuren kan setjast kvar for seg: tekst, merkestrekar, aksar, rutenett, bakgrunn og omriss.

Linjefargar og fargar på feilstolpar

Syklusen av linjefargar avgjer rekkjefølgja på fargane som automatisk vert gjevne til nye element når dei vert lagde til i figuren. Du kan leggje til fargar med knappen Legg til farge, fjerne dei ein og ein og endre rekkjefølgja ved å dra dei. Feilstolpane har ein eigen fargesyklus.