Hovudvindauge

Hovudvindauget i Graphs er delt i to: eit sidepanel til venstre med elementlista og kontrollane, og eit lerret til høgre der figuren vert vist.

Lerret

Lerretet viser plottet med alle dei aktive elementa. Klikkar du éin gong på etiketten eller grensene, vert figurinnstillingane opna med fokus på det du klikka på, slik at du raskt kan justere.

Øvst til venstre er knappane for å angre og gjere om. Øvst til høgre på lerretet er visingsknappane. Pila bakover tek deg til den førre visinga etter at du har endra grensene, og pila framover tek deg til den neste visinga etter at du har klikka på pila bakover. Til slutt prøver knappen for å optimalisere grensene å justere grensene automatisk slik at alle synlege element får plass på lerretet. For likningar vert berre y-området rekna med, sidan x-dataa strekkjer seg over eit uendeleg område.