Eksportering
Graphs kan eksportere både figuren som bilete og dataa bak han som filer. Begge vala finst i appmenyen.
Eksportere figuren
For å eksportere figuren som bilete opnar du appmenyen og vel Eksporter figur …. Eksportvindauget har desse vala:
- Filformat
Biletformatet det skal eksporterast til. Desse formata er støtta: PNG, JPEG, WebP, SVG, PDF, PostScript og Encapsulated PostScript. PNG er eit godt val i dei fleste tilfelle. SVG og PDF gjev vektorgrafikk som kan skalerast til kva storleik som helst utan å miste kvalitet, og passar difor godt i publikasjonar og presentasjonar.
- Gjennomsiktig bakgrunn
Når dette er slått på, vert figurbakgrunnen eksportert som gjennomsiktig i staden for å fyllast med bakgrunnsfargen i stilen. Dette er nyttig når figuren skal setjast inn i eit dokument eller ein presentasjon med eigen bakgrunn.
- Breidd og høgd
Storleiken på det eksporterte biletet i pikslar, mellom 100 og 7680 pikslar i breidda og mellom 100 og 4320 pikslar i høgda. Trykk Bruk same storleik som i appen for å fylle inn den gjeldande storleiken på lerretet slik det er på skjermen.
Eksportere data
For å eksportere verdiane i datasetta til ei fil opnar du appmenyen og vel Eksporter data …. Då vert dei gjeldande dataa for alle elementa i prosjektet eksporterte.