Handsame data
Graphs har mange operasjonar for å handsame data. Alle operasjonane fungerer likt anten elementet er importert frå ei fil eller generert frå ei likning. Når eit område på lerretet er valt med utvalsverktøyet, vert berre dataa innanfor området påverka.
Forskyv X/Y: Flytt data langs X- eller Y-aksen.
Multipliser: Skaler data langs X- eller Y-aksen.
Normaliser: Skaler Y-verdiane i forhold til maksimum.
Sentrer: Flytt data slik at dei vert sentrerte på X-aksen.
Glatt ut: Reduser støy i eit datasett.
Derivert: Rekn ut den deriverte.
Integral: Rekn ut det kumulative integralet.
Fourier-transformasjon: Transformer data til frekvensdomenet.
Kombiner: Slå saman fleire datasett til eitt.
Forskyv: Forskyv datasett automatisk slik at dei ikkje overlappar.
Klipp ut: Fjern data innanfor det valde området.
Eigne transformasjonar: Bruk ei vilkårleg likning på X- og Y-koordinatane.
Forskyv X/Y
Forskyv alle dei valde dataa med ein fast verdi langs X- eller Y-aksen. Skriv inn forskyvinga i det tilhøyrande feltet og bruk operasjonen.
Multipliser
Multipliserer alle dei valde dataa med ein fast faktor langs X- eller Y-aksen. Skriv inn faktoren i det tilhøyrande feltet og bruk operasjonen.
Normaliser
Skalerer Y-verdiane til alle dei valde dataa slik at maksimumsverdien vert 1. Alle dei andre verdiane vert delte på denne maksimumsverdien.
Sentrer
Forskyv data langs X-aksen slik at dei vert sentrerte. Det finst to modusar: sentrering på største Y-verdi, som flyttar toppen i dataa til null, og sentrering på midten av X-området. Modusen kan setjast i innstillingane for utglatting.
Glatt ut
Utglatting reduserer støy i eit datasett. Det finst to modusar, som kan setjast i vindauget med innstillingar for utglatting.
Savitzky-Golay-filteret tilpassar eit polynom gjennom dei nærliggjande datapunkta i staden for å ta eit enkelt gjennomsnitt. Slik kan det underliggjande signalet i data med mykje støy attskapast meir truverdig, og dette er det tilrådde valet i dei fleste tilfelle.
Glidande gjennomsnitt byter ut kvart punkt med gjennomsnittet av eit vindauge med punkt rundt det. Dette er enklare, men kan viske ut skarpe trekk og få endringar i dataa til å sjå forskovne ut.
Derivert
Reknar ut den numeriske deriverte av dei valde dataa og byter ut Y-verdiane med endringsraten med omsyn på X. For likningar vert den deriverte rekna ut analytisk.
Integral
Reknar ut det kumulative integralet av dei valde dataa med trapesmetoden og byter ut Y-verdiane med det løpande arealet under kurva. For likningar vert integralet rekna ut analytisk.
Fourier-transformasjon
Transformerer dei valde dataa frå tids- eller romdomenet til frekvensdomenet med rask Fourier-transformasjon (FFT). Det finst òg ein invers transformasjon for å gå tilbake.
Kombiner
Slår saman alle dei valde datasetta til eitt nytt datasett. Resultatet vert sortert etter X-verdi. Har alle dei valde elementa feilstolpar, vert dei tekne med i det samanslåtte resultatet.
Forskyv
Forskyv kvart valt datasett automatisk langs Y-aksen slik at elementa vert spreidde og ikkje overlappar kvarandre. Kor mykje dei vert forskovne, vert rekna ut frå spennet i kvart datasett og tek omsyn til den gjeldande akseskalaen, også logaritmiske skalaer.
Klipp ut
Fjernar alle datapunkt innanfor det valde området. Operasjonen krev at utvalsverktøyet er aktivt og at eit område er markert på lerretet.
Eigne transformasjonar
Med eigne transformasjonar kan du endre X- og Y-koordinatane i eit datasett punkt for punkt med likningar du vel sjølv. Til dømes kan du kvadrere alle Y-verdiane ved å skrive Y = Y² i Y-feltet og la X = X stå i X-feltet. Det er ikkje skilnad på store og små bokstavar i koordinatnamna.
Desse ekstra variablane kan brukast i eigne transformasjonar:
Generelt:
x, y: opphavlege koordinatverdiar
counts: det totale talet på datapunkt
X-akse:
x_min, x_max: minimum og maksimum
x_mean, x_median: gjennomsnitt og median
x_std, x_sum: standardavvik og sum
Y-akse:
y_min, y_max: minimum og maksimum
y_mean, y_median: gjennomsnitt og median
y_std, y_sum: standardavvik og sum
Trigonometriske funksjonar brukar radianar som standard. Legg til d for å bruke grader, t.d. sind(x) eller cosd(x).