Figurinnstillingar
I panelet for figurinnstillingar styrer du etikettar, aksegrenser, skalering og den generelle utsjånaden til figuren. Du opnar det med innstillingsknappen øvst til høgre i sidepanelet. Dei gjeldande innstillingane kan lagrast som standard for alle nye prosjekt med knappen Set som standard nedst i panelet.
Etikettar
Figuren kan ha ein tittel, og kvar akse kan ha sin eigen etikett. Berre etikettane for aksar som er i bruk, vert viste. Etikettane og tittelen kan òg redigerast direkte på lerretet ved å klikke på dei.
Aksegrenser
Minimums- og maksimumsverdiane for kvar akse kan setjast manuelt. Berre grensene for aksar som er i bruk, vert viste. Lèt du eit grensefelt stå tomt, avgjer Graphs området automatisk ut frå dataa. Visinga kan òg nullstillast slik at alle dataa kjem med, når som helst med handlinga Optimaliser grensene.
Skalering
Kvar akse kan setjast til ein av desse skalaene uavhengig av dei andre:
- Lineær
Lik avstand mellom verdiane. Standardskalaen for dei fleste data.
- Logaritmisk (grunntal 10)
Avstand basert på potensar av 10. Nyttig for data som spenner over fleire storleiksordenar.
- Logaritmisk (grunntal 2)
Avstand basert på potensar av 2.
- Radianar
Merkestrekane på aksen vert viste som multiplum av π.
- Kvadratrot
Avstand basert på kvadratrota av verdiane.
- Invers
Avstand basert på den inverse verdien.
Utsjånad
- Vis teiknforklaring
Slår teiknforklaringa av eller på. Når ho er slått på, kan ho plasserast på fleire stader i figuren, eller du kan la ho stå på Automatisk, så vel Graphs den plasseringa som dekkjer minst.
- Gøym element som ikkje er valde
Når dette er slått på, vert berre elementa som er valde i sidepanelet, viste på lerretet. Dette er nyttig når du vil konsentrere deg om ein del av dataa utan å slette noko.
- Stil
Viser den aktive stilen og opnar stilveljaren når du klikkar. Sjå Stilarfor detaljar om å lage og redigere stilar.