Kva tyder ikona i topplinja?

Denne sida forklarar kva ikona øvst til høgre på skjermen tyder. Nøyare skildrar vi dei ulike variantane av ikon som systemet gjev.

Tilgjengeikon

Gjer det mogeleg å raskt slå av og på ulike tilgjengeinnstillingar.

Viser kva type klikk som vert utført når sveveklikk vert brukt.

Lydikon

Viser lydstyrken på høgtalarane eller hovudtelefonane.

Høgtalarane eller hovudtelefonane er lydlause.

Viser følsomheita til mikrofonen.

Mikrofonen er dempa.

Batteriikon

Viser batterinivået medan batteriet vert lada.

Batteriet er fullt lada og ladar.

Viser batterinivået medan batteriet ikkje vert lada.

Batteriet er fullt lada og vert ikkje lada.

Straumikon vert vist på system utan batteri.

Blåtannikon

Flymodus er på. Blåtann er slått av når flymodus er på.

Ei blåtanneining er para og i bruk. Dette ikonet vert berre vist når det er ei aktiv eining, ikkje berre når blåtann er aktivert.

Nettverksikon

Trådlaus (Wi-Fi) tilkopling

Flymodus er på. Trådlaus nettverk er deaktivert når flymodus er på.

Koplar til eit trådlaust nettverk.

Viser styrken på ei trådlaus nettverkstilknyting.

Kopla til eit trådlaust nettverk, men det er ikkje noko signal.

Kopla til eit trådlaust nettverk. Dette ikonet vert berre vist dersom signalstyrken ikkje kan fastsetjast, som når du koplar til ad hoc-nettverk.

Kopla til eit trådlaust nettverk, men det finst ingen rute til internett. Dette kan skuldast feil oppsett av nettverket ditt, eller det kan skuldast eit avbrot hos internettleverandøren din.

Mobilbreiband (mobilnett)

Flymodus er på. Mobilnettverket er slått av når flymodus er på.

Koplar til eit mobilnett.

Viser styrken på ei mobilforbindelse.

Kopla til mobilnett, men det er ikkje signal.

Kopla til eit mobilnett. Dette ikonet vert berre vist dersom signalstyrken ikkje kan fastsetjast, slik som ved tilkopling over blåtann. Dersom signalstyrken kan fastsetjast, vert eit styrkeikon vist i staden.

Trådlaust nettverk

Koplar til ein kabla tilkopling.

Kopla til eit kabla nettverk.

Fråkopla frå nettverket.

Kopla til eit kabla nettverk, men det finst inga rute til internett. Dette kan skuldast feilkonfigurasjon av nettverket ditt, eller det kan skuldast eit avbrot hos internettleverandøren din.

VPN (virtuelt privat nettverk)

Koplar til eit virtuelt privat nettverk.

Kopla til eit virtuelt privat nettverk.

Andre ikon

Viser tastaturoppsettet eller inndatametoden som er i bruk. Klikk for å velje eit anna oppsett. Tastaturoppsettmenyen vert berre vist om du har fleire inndatametodar oppsett.

Ein app har no tilgang til plasseringa di. Du kan slå av tilgang til plassering frå menyen.

Nattlys har endra fargetemperaturen på skjermen for å redusere augestress. Du kan mellombels slå av nattlys frå menyen.

Du tek opp skjermopptak av heile skjermen din.

Ein app deler for tida skjermen eller eit anna vindauge.

Koplar til ein Thunderbolt-eining, slik som ein dokk.