Juster fargetemperaturen på skjermen din

Ein dataskjerm sender ut blått lys som bidreg til søvnløyse og augebelastning etter mørkets frambrot. Nattlys endrar fargen på skjermane dine etter kva tid på døgnet det er, og gjer fargen varmare på kvelden. For å slå på Nattlys:

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Skjermar.

  2. Klikk Skjermar for å opne panelet.

  3. Klikk Nattlys for å opne innstillingane.

  4. Sjå til at Nattlys-brytaren står på.

  5. Under Plan, vel Solnedgang til soloppgang for at skjermfargen skal følgje tidspunkt for solnedgang og soloppgang på din plassering. Vel Manuell plan for å setje Tidspunkt til eit tilpassa tidsskjema.

  6. Bruk skyveknappen for å justere Fargetemperatur til å verte meir varm eller mindre varm.

Den topplinja viser når Nattlys er aktiv. Han kan mellombels slåast av frå systemmenyen.