Slå av trådlaust (flymodus)

Om du har datamaskina på eit fly (eller eit anna område der trådlaus tilkopling ikkje er tillaten), bør du slå av trådlaus tilkopling. Du vil kanskje også slå av trådlaus tilkopling av andre grunnar (for å spare batterikapasitet, til dømes).

Ved å bruke Flymodus slår du av alle trådlause tilkoplingar, inkludert Wi-Fi, 3G og blåtanntilkoplingar.

For å slå på flymodus:

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Wi‑Fi.

  2. Klikk på Wi‑Fi for å opne panelet.

  3. Slå på Flymodus-brytaren. Då vert trådlaus tilkopling slått av til du slår av flymodus att.

Du kan slå av Wi-Fi-tilkoplinga frå systemmenyen ved å klikke på tilkoplinga sitt namn og velje Slå av.