Kople til ein VPN
Ein VPN (eller Virtual Private Network) er ein måte å kople seg til eit lokalt nettverk over internett på. Til dømes, sei at du vil kople deg til det lokale nettverket på arbeidsplassen din medan du er på forretningsreise. Du ville ha funne ein internettforbindelse ein stad (som på eit hotell) og så kopla deg til arbeidsplassen din VPN. Det ville vere som om du var direkte kopla til nettverket på jobben, men den faktiske nettverksforbindelsen ville gå gjennom hotellet si internettforbindelse. VPN-forbindelsar er som regel kryptert for å hindre at folk får tilgang til det lokale nettverket du koplar deg til utan å logge inn.
Det finst fleire ulike typar VPN. Du må kanskje installere noko ekstra programvare avhengig av kva type VPN du koplar deg til. Finn ut tilkoplingsdetaljane frå den som har ansvaret for VPN-en og sjå kva VPN-klient du må bruke. Gå så til programinstallatøren og søk etter NetworkManager-pakken som fungerer med din VPN (om det finst ein) og installer han.
Viss det ikkje finst ein NetworkManager-pakke for VPN-typen din, må du truleg laste ned og installere programvare frå selskapet som leverer VPN-programvara. Du må truleg følgje nokre andre instruksjonar for å få det til å fungere.
For å setje opp VPN-tilkoplinga:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Nettverk.
Klikk på Nettverk for å opne vindauget.
Trykk på +-knappen ved sida av VPN-delen for å leggje til ei ny tilkopling.
Vel kva type VPN-tilkopling du har.
Fyll ut detaljane for VPN-tilkoplinga, og trykk Legg til når du er ferdig.
Når du har gjort ferdig oppsettet av VPN, opnar du systemmenyen frå høgresida av topplinja, klikkar på VPN-tilkoplinga og vel Kople til. Du må kanskje skrive inn eit passord for tilkoplinga før ho vert oppretta. Når tilkoplinga er laga, ser du eit låsikon i topplinja.
Håpar du vil få tilkopling til VPN-en. Viss ikkje, kan det hende du må dobbeltkjekke VPN-innstillingane du skreiv inn. Du kan gjere dette frå Nettverk-panelet du brukte til å opprette tilkoplinga. Vel VPN-tilkoplinga frå lista, og trykk så på
-knappen for å sjå over innstillingane.
For å kople frå VPN-en, klikk på systemmenyen i topplinja og klikk Slå av under namnet på VPN-tilkoplinga di.