Brukar prosessor-maskinvarevirtualisering

For å finne ut om datamaskina di støttar prosessorgjennomføring for virtualisering, og at dei er aktiverte i system BIOS, køyr følgjande i eit terminalvindauge:

gnome-boxes --checks

For å slå på Virtualisering på systemet ditt:

  1. Start tenaren på nytt og opne BIOS-menyen

  2. Vel Restore Defaults og deretter Save and Exit

  3. Start på nytt og opne BIOS

  4. Opne undermenyen Prosessor i Chipset, Advanced CPU Configuration eller Northbridge

  5. Slå på Intel Virtualization Technology (òg kjend som Intel VT) eller AMD-V alt etter kva merke prosessoren har. Virtualiseringsutvidingane kan vere merkt Virtualization Extensions, Vanderpool eller ulike andre namn alt etter OEM og system BIOS

  6. Save and Exit

  7. Start på nytt og køyr: cat /proc/cpuinfo | grep vmx svm

Viss det kjem noko utdata, er virtualisering-utvidingane no aktiverte. Viss det ikkje kjem noko utdata, har systemet ditt kanskje ikkje virtualisering-utvidingane eller den rette BIOS-innstillinga aktivert