Kva teknologi vert brukt av Boxes?

Boxes brukar qemu-kvm, libvirt-glib og spice-gtk slik at brukarar enkelt kan styre virtuelle maskiner.

QEMU med KVM

QEMU er ein maskinemulator og virtualisator. Som maskinemulator kan han køyre operativsystem og program laga for ei maskin (t.d. eit ARM-kort) på ei anna maskin (t.d. din eigen PC). Som virtualisator oppnår QEMU nær naturgjeven yting ved å køyre gjestekoden direkte på verten sin CPU ved hjelp av KVM.

KVM (Kernel-based Virtual Machine) er ein Linux-kjerne-modul som lèt eit brukarrom-program bruke maskinvare-virtualiseringsfunksjonane til ulike prosessorar.

libvirt

libvirt er eit verktøysett for å manipulere (lage, slette og endre) og overvake virtuelle maskiner.

libvirt-glib pakkar inn libvirt for å gje eit høgnivå objektorientert API som passar for glib-baserte appar.

SPICE

SPICE, det enkle protokoll for uavhengige datahandsamingsmiljø, er eit system for tilgang til og kontroll av fjerne skrivebord over eit nettverk.

SPICE-tenaren er eit bibliotek som køyrer inni QEMU-binærfila. Han har hovudansvar for autentisering av klienttilkoplingar, vidareformidling av grafisk utdata frå gjeste-OS-et til klienten og vidareformidling av brukarkommandoar (mus og tastatur) frå klient til gjest.

spice-gtk er SPICE-klienten som gjev eit vindauge inn i gjeste-OS-et.