Grensesnittet til Boxes
Samlingsoversyn
Når du fyrst opnar Boxes, seier velkomsten at du skal klikke på + knappen for å lage din fyrste boks. Ved seinare vitjingar opnar Boxes i samlingsoversyn, og viser miniatyrbilde av boksane dine i eit rutenett. Ofte brukte boksar vert vist øvst i lista. Samlingsoversyn let deg:
Assistenten
Når du klikkar på + vert Assistent for oppretting av boks lansert, som rettleiar deg gjennom prosessen med å opprette boks.
Innstillingar-vising
Høgreklikk på ein boks i samlingsoversynet og vel Innstillingar for å opne innstillingsvindauget, der du kan konfigurere detaljar for boksen din. Innstillingsvindauget lèt deg vise eller endre innstillingar avhengig av kva for ein av desse fanene som er vald:
Ressurstabben
Sjå Namn på boksen din og IP-adresse (når tilgjengeleg).
Set verdiane for prosessor, Minne og Lagring for boksen din.
Set Tillat køyring i bakgrunnen-innstillinga for boksen din.
Slå på 3D-akselerasjon for støtta operativsystem.
Opne loggane til boksen din i Feilsøkingsloggar for å feilsøke problem.
Valet Rediger oppsett lèt deg redigere libvirt-domenoppsettet til boksen din manuelt.
Fana for augneblinksbilete
Med Augeblinksbilete kan du opprette og styre øyeblikksbilete av boksen din.