Juster systemkrava til ein boks
I Boxes har kvar virtuelle maskin sine eigne innstillingar for RAM, CPU og maksimalt tildelt diskplass.
Høgreklikk på boksen i samlingsoppsettet og vel Innstillingar, eller om boksen køyrer, klikk på menyknappen (
) i topplinja og vel Innstillingar.
Klikk på Ressursar-fana.
Juster verdiane for Minne, Prosessor og Lagringsgrense slik at dei speglar det ynskte oppsettet.
Du bør ikkje tildele alt tilgjengeleg minne, sidan vertssystemet ditt også treng minne for å køyre, og jo meir minne som vert tildelt, desto lengre tid tek det å setje maskina i kvilemodus og vekkje henne att. Det tilrådde minnet vil vere tilstrekkeleg sidan denne informasjonen kjem frå dokumentasjonen til operativsystema.