3D-akselerasjon
Boxes gjev deg no moglegheita til å slå på eller av 3D-akselerasjon for virtuelle maskiner viss både gjest og vert støttar det. Dette skal gjere at du kan forbetre ytinga til dei daglege grafikk-krevjande appane og spela dine. Det brukar Virgil til å lage eit virtuelt 3D-kapabelt grafikkort for dei virtuelle maskinene dine i QEMU.
For tida støttar berre Linux-gjestar 3D-akselerasjon.
For å slå på 3D-akselerasjon i ein boks:
Høgreklikk på boksen i samlingsoversynet og vel Innstillingar, eller klikk menyknappen (
) i topplinja og vel Innstillingar.
Vindauget Innstillingar vert opna, med Ressursar-fana vald som standard.
Dersom 3D-akselerasjon er støtta, vil brytaren 3D-akselerasjon dukke opp her. Som standard er den slått av. For å slå på 3D-akselerasjon, berre vipp brytaren ved sidan av til PÅ.
Når du slår på 3D-akselerasjon for ein virtuell maskin som allereie køyrer, vert endringane gjeldande etter at du har starta tenaren på nytt.