Rediger Libvirt-domenet XML-oppsettet til ein boks
Boxes gjer at du kan redigere Libvirt dom-oppsettet i XML-filen til boksen din manuelt. Du kan oppnå spesifikke oppsett som ikkje er tilgjengelege i Boxes-grensesnittet og heller ikkje vert støtta av Boxes-utviklarane.
Sjå Libvirt-domenet oppsettformat i dokumentasjonen på https://libvirt.org/format.html
For å redigere Libvirt XML-oppsettet til ein boks:
Høgreklikk på boksen i samlingsoversynet og vel Innstillingar, eller klikk menyknappen (
) i topplinja og vel Innstillingar.
Klikk på Ressursar-fana.
Rull til Oppsett-delen.
Trykk på Rediger oppsett-knappen for å opne oppsettet i ein tekstredigering.
Rediger XML-oppsettet og Lagre.
Dersom den virtuelle maskina som er redigert allereie køyrer, vil endringane tre i kraft etter omstart av den køyrande virtuelle maskina.
Før du redigerer oppsettet til vindauget, vil Boxes føreslå at du lagar eit augneblinksbilete. Med augneblinksbilete kan du gå tilbake til tidlegare versjonar om du gjer ein feil.