USB-vidareføring
USB er ein universell maskinvarebuss-protokoll som vert brukt til å kople kva som helst slags eining til datamaskina di. USB-vidareføring gjer at einingar som er kopla til den lokale datamaskina vert tilgjengelege i maskinene som køyrer i Boxes. Til dømes vil ein USB-minnepenn eller eit webkamera framstå som direkte tilkopla den virtuelle datamaskina.
For å slå på verten sine USB-einingar i ein boks:
Sjå til at boksen køyrer.
Høgreklikk på boksen i samlingsoversynet og vel Innstillingar, eller klikk menyknappen (
) i topplinja og vel Innstillingar.
Trykk på Einingar og delingar-fana.
USB-einingar som er kopla til vertsmaskina vert viste i ei liste. Set brytaren ved sidan av kvar ynskja eining til PÅ.